Min hage fritar seg for ethvert juridisk ansvar for tilleggskommentarene/feil i teksten og eventuelle endringer i loven etter 1. september 2000. 


VEGLOV. (utdrag av loven)


Kap. V. Byggverk m.m., avkjørsle, gjerde og grind.
§ 29. Langs offentleg veg skal det vere byggegrenser fastsette med heimel i denne lova, dersom ikkje anna følgjer av reguleringsplan etter plan- og bygningslova. Byggegrensene skal ta vare på dei krava som ein må ha til vegsystemet og til trafikken og til miljøet på eigedom som grenser opp til vegen og medverke til å ta vare på miljøomsyn og andre samfunnsomsyn.
        Byggegrensene skal gå i ein avstand på 50 meter frå riksveg og 15 meter frå fylkesveg eller kommunal veg. For gang- og sykkelveg er avstanden 15 meter (anten vegen er riksveg, fylkesveg eller kommunal veg). Føresegnene i dette leddet gjeld dersom ikkje anna følgjer av føresegnene i tredje og fjerde ledd. Avstanden skal reknast frå midtlina i høvevis kjørebana, eller gang- og sykkelvegen. Har vegen åtskilde kjørebaner, eller er det tvil om kva som bør reknast for midtline, avgjer vegstyremakta kva line avstanden skal reknast frå.
        Departementet kan for særskilt fastsette riksvegstrekningar sette større eller mindre avstand enn den som er nemnt i andre ledd, likevel ikkje større enn 100 meter. For fylkesveg kan fylkeskommunen for særskilt fastsette strekningar sette ein større avstand enn den som er nemnt i andre ledd, likevel ikkje større enn 50 meter.
Ved kryss i plan mellom
        1) offentlege vegar,
        2) offentlege vegar og andre vegar som er opne for allmen ferdsle,
        3) offentlege vegar og jernbane eller sporveg,
skal byggegrensa følgje den rette lina mellom punkt på midtlina åt vegane (jernbana, sporvegen) 60 meter frå skjeringspunktet åt midtlinene ved kryss med riksveg og 40 meter frå skjeringspunktet ved andre kryss. I særskilde høve kan vegstyremakta fastsette ei anna byggegrense for det einskilde krysset. Høyrer dei kryssande vegane ikkje under same vegstyremakt, tar den høgste av desse styremaktene avgjerd i saka.
        Før det blir tatt avgjerd etter tredje eller fjerde ledd, skal vedkomande kommune få høve til å seie si meining. Eigarane av dei eigedomar som vedtaket får verknad for, skal gis skriftlig melding om avgjerda.
        Dei avstandane som er oppgitt i denne paragrafen, skal målast vassrett og i rett line.
Endra med lover 14 juni 1985 nr. 77, 1 mars 1996 nr. 11 (i kraft hhv. 1 april 1996 og 1 juli 1996), 7 april 2000 nr. 21 (i kraft 1 mai 2000 etter res. 7 april 2000 nr. 318).

§ 30. Byggverk, her òg laus kiosk, opplag eller anna større innretning må ikkje utan særskilt løyve plasserast innafor byggegrenser som er fastsette i eller med heimel i § 29.
        Føresegnene i første ledd skal gjelde tilsvarande for vareramper, murar og liknande innretningar, for utsprengde og utgravne rom og for nettstasjonar og andre byggverk m.v. i tilknyting til leidningar som nemnde i § 32. Det same gjeld for gjerde som kan hindre fri sikt, dersom ikkje anna følgjer av §§ 44 flg.          Løyve etter første ledd gir vegkontoret for riksvegar og fylkesvegar, og kommunen for kommunale vegar.
        Etter nærare føresegner som vegstyremaktene fastsett, kan skogsvirke plasserast ved offentlig veg.
Endra med lov 1 mars 1996 nr. 11 (i kraft hhv. 1 april 1996 og 1 juli 1996).

§ 30a.Erstatning på grunn av byggegrenser fastsette i eller i medhald av § 29, jfr. § 30, kan bortsett frå i ekspropriasjonssak berre krevjast av den som har søkt om løyve etter § 30 og som, etter at han har fått avslag, har klaga saka inn for høgre styremakt og har fått klageavgjerda mot seg. Kravet vert forelda eit år etter at vedkommande har fått melding om avgjerda eller er blitt kjent med eller burde ha gjort seg kjent med henne.
        Første leden gjeld tilsvarande for krav om erstatning for forbod fastsette i eller i medhald av føresegnene i §§ 32-35.
Føyd til med lov 21 mai 1967 nr. 4.

§ 31. Tre, busker og annen plantevekst innafor byggegrenser som er fastsette i eller med heimel i § 29, kan påbydast borttatt eller skorne ned i den mon det blir funne naudsynt av omsyn til ferdsla eller vegvedlikehaldet.
        Eigar eller rettshavar har krav på vederlag etter skjønn for skade og ulempe som er ei følgje av påbodet, og for utgifter med borttaking eller nedskjering.
        Vil eigaren eller rettshavaren ikkje etterkome påbodet i første ledd innan den fristen som er fastsett i påbodet eller seinare, kan vegstyremakta syte for at arbeidet blir gjort. I så fall skal eigaren eller rettshavaren ha vederlag etter skjønn for skade og ulempe.
        Er det i tide gitt skriftlig melding om at det ikkje er tillate å plante slike vekstar, har eigaren eller rettshavaren ikkje krav på vederlag.
Påbod etter første ledd gir vegkontoret for riksvegar og fylkesvegar, og kommunen for kommunale vegar.
Endra med lover 1 mars 1996 nr. 11 (i kraft 1 april 1996), 7 april 2000 nr. 21 (i kraft 1 mai 2000 etter res. 7 april 2000 nr. 318).

§ 32. Elektrisk eller annen kraftleidning, telegraf- eller telefonleidning, vass-, kloakk- eller annen leidning eller renne av alle slag, løypestreng, taubane eller privat skinnegang eller feste for leidning m.m. som nemnt, må ikkje utan særskilt løyve leggast over, under, langs eller nærare offentlig veg enn 3 meter frå vegkant, målt vassrett. Dersom omsynet til trygg ferdsel, vegvedlikehaldet eller moglig seinare utbetring av vegen tilseier det, kan vegstyremakta for særskilt fastsatte strekningar sette ein større avstand, men ikkje større enn til byggegrensa for vedkomande veg. Desse reglane gjeld også dersom det i anna lov er gitt høve til å føre leidning eller renne over, under eller langs eigedomsområdet for offentlig veg.
        Løyve etter første ledd gir vegkontoret for riksvegar og fylkesvegar, og kommunen for kommunale vegar.
Departementet gir nærare føresegner om utgiftsdeling og sakshandsaming i samband med løyve etter denne paragrafen og § 30.
Endra med lov 1 mars 1996 nr. 11 (i kraft hhv. 1 april 1996 og 1 juli 1996).

§ 34. Når byggverk eller anna innretning som nemnt i §§ 30 eller 32 heilt eller delvis ligg eller er plassert i strid med denne lova eller med føresegner gitt med heimel i lova, må byggverket eller innretninga ikkje utan særskilt løyve på nokon måte endrast slik at byggverket eller innretninga vert meir i strid med lova. Byggverket eller innretninga må heller ikkje utan slikt løyve takast i bruk til vesentlig anna føremål enn før.
        Løyve etter første ledd gir vegkontoret for riksvegar og fylkesvegar, og kommunen for kommunale vegar.
Endra med lov 1 mars 1996 nr. 11 (i kraft 1 april 1996).

§ 36. Blir byggverk eller anna innretning som nemnt i §§ 30 eller 32 plassert eller endra i strid med det som er fastsatt i eller med heimel i denne lova, kan innretninga takast bort, flyttast eller endrast. Den ansvarlege lyt då bere kostnaden, dersom han ikkje sjølv syte for å ta bort, flytte eller endre innretninga innan ein fastsett frist.
Vegkontoret tar avgjerd etter første ledd for riksvegar og fylkesvegar, og kommunen tar slik avgjerd for kommunale vegar.
Endra med lov 1 mars 1996 nr. 11 (i kraft hhv. 1 april 1996 og 1 juli 1996).

§ 40. Avkjørsle frå offentleg veg må berre byggast eller nyttast etter reguleringsplan etter plan- og bygningslova.
        Ligg det ikkje føre nokon reguleringsplan som nemnd, eller planen ikkje omfattar avkjørsle må avkjørsle frå riksveg eller fylkesveg ikkje byggast eller nyttast utan løyve frå vegkontoret og avkjørsle frå kommunal veg ikkje byggast eller nyttast utan løyve frå kommunen. Fylkesmannen er klageinstans i avkjørslesaker for riksvegar.
Vegkontoret kan krevje at avkjørsle frå riksveg eller fylkesveg skal byggast etter ein plan det godkjenner. Kommunen kan krevje at avkjørsle frå kommunal veg skal byggast etter ein plan den godkjenner.
        Er arbeidet med avkjørsla ikkje sett i gang innan 3 år etter at løyve er gitt, fell løyvet bort.
Endra med lover 29 mai 1981 nr. 39, 14 juni 1985 nr. 77, 31 aug 1990 nr. 55, 1 mars 1996 nr. 11 (i kraft hhv. 1 april 1996 og 1 juli 1996), 7 april 2000 nr. 21 (i kraft 1 mai 2000 etter res. 7 april 2000 nr. 318).

§ 41. Vegkontoret kan påby avkjørsle frå riksveg eller fylkesveg flytt eller endra, eller avgrense bruken eller nekte bruken av slik avkjørsle.
        Kommunen kan ta avgjerd etter første ledd for kommunale vegar.
          Naudsynte utgifter til flytting eller endring av lovleg avkjørsle kan det krevjast vederlag for. Likeeins kan det, i samband med flytting av avkjørsle, krevjast vederlag for naudsynte utgifter til flytting, endring eller lengning av privat veg fram til avkjørsla. Det same gjeld utgifter til flytting, ombygging eller endring av byggverk eller anlegg som avkjørsla gjer naudsynt. Det skal takast omsyn til verdauke som den nye avkjørsla eller vegen tilfører eigedomen. Dette skjer ved frådrag i vederlaget eller refusjon frå eigaren dersom avkjørsla eller vegen alt er bygd.
Endra med lover 29 mai 1981 nr. 39, 1 mars 1996 nr. 11 (i kraft 1 april 1996), 19 juni 1997 nr. 81.

§ 42. Blir avkjørsle bygd eller nytta i strid med det som er fastsatt i eller med heimel i denne lova, kan det gis påbod om at avkjørsla skal stengast, endrast eller flyttast på den ansvarlige sin kostnad.
Vegkontoret tar avgjerd etter første ledd for riksvegar og fylkesvegar, og kommunen tar slik avgjerd for kommunale vegar.
Endra med lover 14 juni 1985 nr. 77, 1 mars 1996 nr. 11 (i kraft 1 april 1996).

§ 43. Avkjørsle skal byggast og haldast ved like i samsvar med reglar som Vegdirektoratet fastsetter. Så langt det ikkje er fastsett noko anna, skal desse reglane gjelde i staden for vilkår som tidligare måtte vere sette for løyve til avkjørsla. I reglane kan det fastsettast at det skal gjelde særlege frisiktliner mellom avkjørsla og den offentlige vegen. Om vegstyremakta finn det naudsynt, kan slike frisiktliner òg gjerast gjeldande utanom byggegrensene. Vegstyremaktene kan òg sette som vilkår for løyve til avkjørsle i det einskilde tilfellet at eigaren eller brukaren av avkjørsla syter for å halde fri sikt etter slike liner som er fastsette av vegstyremakta.
        Eigaren eller brukaren av eigedomen er ansvarlig for vedlikehald av avkjørsle til eigedomen. Er vedlikehaldet ikkje forsvarlig, kan det, så langt det blir funne naudsynlig, gjerast på den ansvarlige sin kostnad.
        Er avkjørsle bygd og halden ved like i samsvar med fastsette reglar, syter vegstyremakta for at vasslaup under avkjørsla blir halde ope.
Vegkontoret tar avgjerd etter denne paragrafen for riksvegar og fylkesvegar og kommunen tar slik avgjerd for kommunale vegar.
Endra med lov 1 mars 1996 nr. 11 (i kraft hhv. 1 april 1996 og 1 juli 1996).

§ 44. Om ikkje anna er fastsett etter vilkåra for oreigningsskjønn eller avtale, gjeld slike reglar om gjerdehald ved offentlig veg:
        Dersom vegstyremakta finn at det bør vere gjerde mot offentlig veg av omsyn til vegen eller ferdsla på vegen, vert gjerdet sett opp og halde ved like av vegstyremakta.
        Så langt gjerde må reknast naudsynt for å verne eigedomen mot husdyr, kan eigar eller brukar av grunn ved offentlig veg krevje at vegstyremakta gir vederlag etter skjønn for utgifter til å sette opp og halde ved like gjerde. Er eigar (brukar) og vegstyremakta usamde om det er naudsynt å ha gjerde, skal usemja avgjerast ved skjønn.
        Eigar (brukar) som treng gjerde for å verne eigedomen mot husdyr, kan krevje at annan eigar (brukar) i staden set opp gjerde på eigedomen sin dersom det gir ei monalig lettare eller billigare løysing. Vegstyremakta kan òg fremje slikt krav. Den eigar (brukar) som må sette opp og halde ved like gjerde, kan krevje vederlag etter skjønn. Skjønnet kan avgjere om vilkåra for å krevje gjerde er til stades.
        Dersom vegstyremakta finn at gjerde som ho ikkje sjølv har sett opp, bør flyttast eller endrast i samsvar med føresegnene i § 45, kan vegstyremakta krevje at eigar eller brukar av grunn ved vegen skal gjere dette mot vederlag etter skjønn.
Endra med lov 5 juni 1964 nr. 1.

§ 45. Gjerde som nemnt i § 44 skal plasserast på veggrunnen ved eigedomsgrensa, dersom ikkje vegstyremakta av omsyn til terrengtilhøva eller av andre grunnar fastsetter ei anna plassering. Vegdirektoratet gir nærare reglar om korleis gjerde skal innrettast, settast opp og haldast ved like.

§ 46. Føresegnene i §§ 44 og 45 gjeld berre så langt som ikkje anna er eller blir fastsett om gjerde etter plan- og bygningslova.
Endra med lov 14 juni 1985 nr. 77.

§ 47. Er gjerde oppsett eller innretta i strid med det som er fastsett i eller med heimel i § 45, eller blir det ikkje halde forsvarlig ved like, kan vegstyremakta syte for at det blir flytt, rive, endra eller sett i stand.

§ 48. Grind eller ferist må ikkje utan løyve plasserast på offentlig veg der det ikkje før har vore slik innretning. Løyvet kan takast attende med to års varsel. Er det på det reine at grinda eller ferista ikkje er naudsynlig, kan det likevel krevjast at ho skal takast bort straks.
Vegdirektoratet gir reglar om korleis grinder og ferister skal vere, og om vedlikehaldet av dei.
        Lovlig grind eller ferist på offentlig veg kan krevjast borttatt mot vederlag etter skjønn. Finn vegstyremakta det føremålstenlig, kan ho syte for at det i staden for grind blir lagt og halde ved like ferist eller anna liknande innretning.
        Eigar av grind på offentlig veg kan etter at han har fått løyve til det, legge ferist eller anna liknande innretning for på den måten å oppfylle gjerdehaldsplikta si.
        Det kan gis påbod om at ulovlig grind, ferist eller liknande innretning på offentlig veg skal fjernast eller endrast innan ein fastsett frist. Blir fristen ikkje halden, kan arbeidet gjerast på den ansvarlige sin kostnad.
        Vedtak om løyve, påbod m.m. etter denne paragrafen gjer vegkontoret for riksveg og fylkesveg, og kommunen for kommunal veg.
Endra med lov 1 mars 1996 nr. 11 (i kraft 1 april 1996).

Kap. VI. Eigedomsinngrep m.m.
§ 49.Eigedomsinngrep etter denne lova er det når eigedomsretten til fast eigedom eller bygning eller anna som har fast tilknytnad til slik eigedom, blir tatt med tvang, eller når bruksrett, servitutt eller annen rett til, i eller over eigedom som nemnt blir tatt, endra, overført eller avløyst med tvang.

§ 50.Mot vederlag etter skjønn til den det råkar, kan eigedomsinngrep settast i verk etter vedtak av vegstyremakta så langt ho finn at det trengs til bygging, utbetring, vedlikehald og drift av riksveg, fylkesveg eller kommunal veg. Slikt eigedomsinngrep kan òg gjelde grunn og rettar til bate for tredjemann så langt det trengs for vegen eller ferdsla på vegen eller for å skaffe tredjemann tilgjenge til offentlig veg.
       Til bate for ein som lyt tola eigedomsinngrep etter første leden, kan vegstyremakta gjere vedtak om at det skal gjerast eigedomsinngrep hjå ein annan eigar eller rettshavar, så framt skaden og ulempene då alt i alt vert monaleg mindre.
       I vedtak om eigedomsinngrep kan vegstyremakta heilt eller delvis overlate til skjønnet å ta avgjerd om kva inngrepet skal gå ut på eller kva omfang det skal ha. Skjønnet kan då òg gjere vedtak etter andre leden i paragrafen her. Skjønnet kan fastsette at det ved eigedomsinngrep etter denne paragrafen skal ytast grunn som vederlag for grunn og rettar som blir avstått.
Kongen kan gi føresegner om saksførehavinga etter paragrafen her.
Endra med lov 29 mai 1981 nr. 39.

§ 51.Så langt vegbrot, fare for vegbrot eller liknande omstende gjer det naudsynlig, kan eigedomsinngrep settast i verk straks, før vederlag er fastsett, og utan at reglane i skjønnslova § 55 skal gjelde. Skjønn må i dette tilfelle krevjast snarast råd er, og seinast innan tre månader etter at inngrepet vart sett i verk.      
       Vedtak om inngrep etter denne paragrafen gjer vegkontoret for riksveg og fylkesveg, og kommunen for kommunal veg.
Endra med lov 1 mars 1996 nr. 11 (i kraft 1 april 1996).

§ 52.Når eigedomsrett eller annen rett er vunnen etter §§ 50 eller 51 eller etter avtale, skal det utferdast eit dokument som klårt seier kva rett det er, kor langt han går og kven som skal ha retten. Rett som knyter seg til riksveg, fylkesveg eller kommunal veg, skal i same rekkefylgd ligge hos staten, vedkomande fylkeskommune eller vedkomande kommune.